Våre vertskap
Våre gjestar skal føle seg som ein hedersgjest, og vi legg til rette for at du som gjest ikkje manglar noko. Våre utvalde vertskap gjer alle sitt beste for at du skal bli godt teken vare på. Dei formidlar stolt si historie, og viderefører sine tradisjonar.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Vianvang
GASTRONOMI I JOTUNHEIMEN
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Vianvang er Arne Brimi sin draum, som starta med det fyrste spadetaket i 1998. Namnet Vianvang er det gamle nålevande ordet i fjellet for blomen, Fjelldronning/Bergfrue. Fjelldronninga til Arne Brimi, vart til Vianvang.
Foto: Gundersen og Meg
Foto: Gundersen og Meg
Foto: Gundersen og Meg
Foto: Gundersen og Meg
Andre Etasje
DER TIDA STÅR STILLE
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Midt i Vågåmo sentrum, i ein kvit sveitservilla som skil seg ut blant dei andre bygga omkring, flin det vakre bygget mot deg i kapp med dei tri blide drivarane. Restauranten åpna i juni -19, men er allereie vorte vidkjent for både maten, interiøret, atmosfæra og vertskapet.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Mari Arnøygard Wedum/Visit Jotunheimen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Bakeriet i Lom
BAKERIET UTAN HEMMELEGHEITER
Overnatting
Bakeri
Aktiviteter
Møterom
Alle har nok høyrt om Bakeriet i Lom, og mange har prøvd seg på ei bakeoppsktift frå ei av bakebøkene til Morten Schakenda. Men har du vore innanfor dørene på bakeriet, vald deg ei rykande fersk bakst, sett deg ved dei store glasa, og nytt baksten medan du har høyrt på, og studert den brusande Bøvre?
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
BrimiBue
MODERNE TRADISJONSGASTRONOMI
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
BrimiBue skil seg litt ut arkitektonisk i sentrum av Lom. Når du kjem inn døra er det trevirke, luft og heimelaga mat som slår mot deg. Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom vart draumen til fire gründerar, og to kokkar som begge har hatt læretida si på Vianvang, oppfylt den 17.juni 2017.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Fossheim Hotell
HEIMEKOSELIG OG HISTORISK
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Familien Garmo starta i 1897 ein skysstasjon som seinare skulle utvikle seg til å bli Fossheim Hotell. Når du kjører gjennom nasjonalparklandsbyen Lom, er hotellet lett å få auge på. Inne på Fossheim sit det historie i veggane, og dei eldgamle tradisjonane er godt teke vare på.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Gammel-Kleppe
KULTURARVHOTELL
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Gammel-Kleppe er eit lite familiedreve hotell. Her finn du gamle freda bygningar, kunst og antikvitetar fordelt på ni suiter på gardstunet. Her kan du bu herkapeleg i blant anna romantisk skapseng, og i hus der dei gamle tømmerveggane er bevare med glasvegger.
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
Brimi Fjellstugu
VELKOMEN TIL MAT OG KVILE
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Brimi Fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa, og er omkransa av høge, stolte fjell. Opprinneleg var Fjellstugu eit gamalt tømra ysthus, som vart sett opp av familien i 1949. Etter dette er plassen bygd ut fleire gonger. I dag arbeider både andre, tredje og fjerde generasjon Brimi saman, og fører tradisjonane vidare.
Juvasshytta
OVER TREGRENSA
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Juvasshytta ligg på 1 840 moh, er bygd i år 1884 på permafrost og ligg ved foten av Galdhøpiggen. Om eit av måla for turen er å stå på Norges tak saman med kollegaene, venene eller familien, er Juvasshytta eit godt alternativ når hovudet og kroppen skal kvile, og energien skal fyllast på.
Foto: Liva A. Sulheim
Foto: Liva A. Sulheim
Foto: Liva A. Sulheim
Foto: Liva A. Sulheim
Leirvassbu Fjellstue
BU PÅ FJELLET
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Leirvassbu Fjellstue ligg innerst i Leirdalen med leirvatnet og det majestetiske fjellet Kyrkja på 2030 moh som kulisser. Med gangavstand frå hytta kan du nå over 50 toppar på over 2000 moh. Kjøreturen frå Lom tek ca. 40 minutt, og er ei oppleving i seg sjølv.
Foto: Nordal
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Nordal
Nordal Turistsenter
MIDT I LOM SENTRUM
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Midt i hjarta av nasjonalparklandsbyen Lom, finn du Nordal Turistsenter. Med kvitmåla glas, flin inngangspartiet mot deg når du kjem farande. Her bur du sentralt, samstundes ligg Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar kun ein liten bil- eller busstur unna.
Foto: Tor Ivan Boine
Foto: Tor Ivan Boine
Foto: Tor Ivan Boine
Foto: Tor Ivan Boine
Rudi Gard
BONDEROMANTIKK, KULTUR OG TRADISJON
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Rudi Gard ligg i Sør-Fron i Gudbrandsdalen, og er ein naturleg stad å besøke på turen til eller frå Lom, Jotunheimen og Brimiland, for å fylle på med bonderomantiske-, kultur- og tradisjon-opplevingar.
Foto: Frys film
Foto: Frys film
Foto: Frys film
Foto: Frys film
Villa Vågå Hotel
HISTORISK OG NATURSKJØNN
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Villa Vågå Hotel ligg midt i hjarta av Vågåmo, har utsikt til Vågå kyrkja og er omkransa av naturskjønn natur og vakre fjelltoppar. Hotellet er nyrenovert og smakfullt innreda. Her er ingenting tilfeldig.
Foto: Vaaghals
Foto: Vaaghals
Foto: Vaaghals
Foto: Vaaghals
Vaaghals
STARTEN PÅ REISA
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Skal du ta turen frå Oslo, kan turen starte med ein snarvissit på restauranten Vaaghals. Med deg får du ei smakfull matpakke og drikke som du kan nyte på kjøreturen oppover den grøne dalen Gudbrandsdalen.
Foto: Frys film
Foto: Frys film
Foto: Frys film
Foto: Frys film
Villa Bokhandel`n
KAFÈ OG MATHUS
Overnatting
Restaurant
Aktiviteter
Møterom
Bokhandel`n kafé og mathus er eit historisk bygg som har sentrum sitt vakraste bygg, Vågå kyrkja som næraste nabo. Tømmerveggane set ei rame kring stemningfulle serveringslokale. I andre etasja er det overnatting.