Foto: GoRafting
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Brimi Eventyr
Foto: GoRafting
3
TEAMBUILDING
Camp Jotunheimen
Har du eit firma som liker eller treng å bli utfordra? Brimi Eventyr har sett saman eit raust & røft opplegg, spekka med aktiviteter fra a til å til en perfekt firmatur. Målet for turen er at samhaldet i kollegialen skal styrkast gjennom opplevingar, teambuilding med naturen som kulissar, og sjølvsagt eit påfyll av god mat og drikke.
HENGEKØYENATT I JOTUNHEIMEN
Dagsplan
Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.
19:30
Middag
19:30
4-retters meny på Andre Etasje
10:30
Utsjekk og avreise
11:30
Tog fra Otta S.
15:03
Ankomst Oslo S.
Dag 1
Morgonfuglane på Vaaghals har stelt i stand ei god niste som skal hentas på restauranten, før morgontoget rullar avgarde i retning Otta kl. 08:02. På Otta Skysstasjon står bussen klar til køyre til den første aktiviteten; Rafting.
Før dei grønbrusande bølgjene skal utforskast, vil kvar og ein få utdelt ei seng og ein god lunsj på GoRafting. Når lunsjen har sett seg, blir det utlevert utstyr før bussen køyrer oppover elva Sjoa til startpunkt for raftingturen. Etter at flåtane er sjøsett, og guiden har kasta loss er det berre å ta åra fatt. Nå er det ikkje berre vatnet som brusar, blodet og adrenalinet bruser nok vel så mykje.
Etter raftingturen, vil det bli anledning for ei ølpause, ein varm dusj og hygge i badestampen for dei som ynskje det, før middagen vert servert i Lavvoen, med påfyljande ølpausar.
Dag 2
På dag to er det teambuilding i BrimiSkogen som står på programmet. Her blir gruppa fyrst delt inn i lag, før laga får utdelt, kajakk, el-sykkel, luftgevær, plankar og spiker til brubygging eller råvarer til kokkekamp. Midt inne i aktivitetane vil det bli ein 3-rettars bål-lunsj, før aktivitetane fortsett. Den aktive delen av dagen vert avslutta med premieutdeling.
Etter at vinnarlaget er kåra og gjort heder og ære på, vil det bli transport ned i meir siviliserte strøk for innsjekk på hotellet. Når bållukta er erstatta med godlukt, blir det ein 4-retters middag på restauranten Andre Etasje. Her er det også lagt til rette for å sitja og kose seg med eit glas med noko godt i etter middagen.
Dag 3
På avreisedagen blir det buss til Otta Skysstasjon, der toget rullar i retning Oslo S.
Takk for besøket, og velkomne att.