ELDFLOG
Varme inntrykk og smakar rundt bålet
Velkomen til Eldflog
Flammane og gneistene som driv mot himmelen frå ein eld, kallar vi Eldflog. Virvlande glør frå bålet har gjeve ro til mang ein kald og svolten fjellkar i Jotunheimen. Nå vil vi invitere deg til varme inntrykk og smakar rundt bålet.
Den flyttbare bålriggen har plass til opptil 200 gjestar. Innomhus er det ei lun stemning der bålet er i sentrum. Måltidet blir sjølvsagt tilberedt over flammane, og servert av håndlaga dekketøy.
Konferanse
Eldflog kan gjerast om til konferanse- eller møtelokale, og vi sett opp lys- og lydanlegg etter behov. Med naturen som bakgrunn blir inntrykket for deltagerne naturlegare, vakrare, friskare og meir givande enn å site inne bak fire kvite vegger.
Firmafesten
Ei sjølvfølge på ein firmatur er gulrota i enden, firmafesten. Ein fest som smell, eller ein fest av det meir rolegare slaget. Vi har mange gode folk å spele på, og set saman festen med den farten som passar best for akkurat ditt firma.
EIT KNIPPE ELDSKJELER
Saman med bålkameratane
Som gjest sjå Eldflog vil du raskt bli kjent med bålkameratane. Eit knippe eldskjeler som brenn for å varte deg opp. Det ligg mykje ære hjå ein bålkamerat når det kjem til å gjera opp eld og skapa god stemning. Dei er våre trufaste eldskjeler, og gode hjelparar.