top of page
Bakeriet i Lom
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Bakeriet i Lom
Foto: Mari Arnøygard Wedum/Visit Jotunheimen
Bakeriet i Lom
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Bakeriet i Lom
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
1/4
BAKERIET UTAN HEMMELEGHEITER
Bakeriet i Lom
Alle har nok høyrt om Bakeriet i Lom, og mange har prøvd seg på ei bakeoppsktift frå ei av bakebøkene til Morten Schakenda. Men har du vore innanfor dørene på bakeriet, vald deg ei rykande fersk bakst, sett deg ved dei store glasa, og nytt baksten medan du har høyrt på, og studert den brusande Bøvre?
FASILITETAR:
Bakeri
Når du kjem inn dørene, kanskje alt på vegen mot inngangen, slår lufta av bakst mot deg. Bakevarane du kan velje i er mange, og vitnar om eit tidkrevjande handverk. Her er det ved som er brukt som oppvarming, og ferdigheva gjærbakst blir fyrst ferdige etter ei god økt i varmen inne i steinomnen.
bottom of page